Rehabilitering og privatisering av den eksisterarnde bustadmassen i Russland
Bustadmassa i Russland er stor både i mengde og utstrekning, og det meste består av blokkleilegheiter. Den største utfordringa er rehabilitering av eksisterande bustadsmasse og tilhøyrande infrastruktur. Noko av grunnen til dette er at ein i Russland har ei enorm bygningsmasse som ikkje har blitt vedlikehalde over mange år.
Den manglande kunnskap og interessa hjå folk flest om korleis forvalte eigen bustads- og bygningsmasse gjer det blant anna vanskeleg for folk å finne fram til samarbeidsmåtar for forvaltning, drift og vedlikehald, samt organisasjonsmodellar. Døme på dette kan vere reinhald og vedlikehald av fellesareale i bustadblokker.
Målet til dei russiske myndigheitene er at alt skal vere privat eigd, og mange har kjøpt sine leilegheiter, men ein ser og ein tendens til ei minka interesse for å eige leilegheiter sjølv. Grunnen til dette er at ein får eit større økonomisk ansvar ved å stå som eigarar. Ei av utfordringane når ein prøvar å organisering huseigarane i ei bustadblokk er blant anna at nokre eig sine leilegheiter, mens andre framleis er leigetakarar.
Irina Torotenkova (bildet) var ei av foredragshaldarane på årets bustad- og levekårskonferanse. Ho arbeidde tidlegare i den kommunale aministrasjonen i Apatity, og jobbar no i administrasjonen i Murmansk Oblast med den omfatttande kommune- og bustadreforma med overgang til privat forvaltning og drift av bustadsmassa.
Irina fortel at om ein dannar sameige kan ein få økonomiske verkemiddel av Murmansk Oblast til rehabilitering av bustadblokkene. Dette er eit steg retninga for å stimulere til oppretting av sameiger samt starte opp rehabiliteringa av bygningsmassene.
Norsk boligbyggelag sitt landsforbund (NBBL) samarbeider i dag med Murmansk oblast, Paritet og byen Apatity om bistand til organisering av sameige og overføring av organisasjonskunnskap.
Les om "Våre hjem, - i Nord" - konferansen i 2007
Bilder
Opprettet: 23.10.2007 -
Sist oppdatert: 23.10.2007